Eit kjøken i november,
ein morgonkaffikopp,
og oppvaskbenk som flyt av alt
eg burde vaska opp.
Eg blar i ei brosjyre
frå Kypros og Toulouse
og inni meg, der tonar det
ein bortgløymd blues.
Det er ein blues som gjev meg utlengtrus
og sveipar tonar over uvaska krus.
Og gjer at eg sit her og høyrer palmesus,
– grå novembermorgon blues
Eg gløttar gjennom glaset
og morgonen er grå,
men inne i brosjyra mi
er alle himlar blå.
Eg kjenner mjuke vindar
og høyrer bårebrus,
og inni meg, der tonar det
ein bortgløymd blues.
Det er ein blues som gjev meg utlengtrus
og sveipar tonar over uvaska krus.
Og gjer at eg sit her og høyrer palmesus,
– grå novembermorgon blues,
Eg tømer kaffikoppen
og legg brosjyra vekk,
og ser mot kjøkenglaset mitt
der regnet lagar bekk.
Eg tappar vatn og skramlar
med koppar og med krus,
men framleis syng det inni meg
ein bortgløymd blues.
Det er ein blues som gjev meg utlengtrus
og sveipar tonar over uvaska krus.
Og gjer at eg sit her og høyrer palmesus,
– grå novembermorgon blues
for noen pene bilder!
LikerLiker
drømmer meg hel bort i bildene dine!
LikerLiker
Egentlig er det bare en ting å si… Jeg har lest bloggen din nå i «evigheter» og syns den er kjempe-fantastisk-fin! En trofast leser her ;o)
LikerLiker
hestiaverden: Tusen tusen takk, det var veldig hyggelig! Jeg kikket på bloggen din også, og jeg er veldig glad i håndarbeider også, har alltid med meg noe når vi er ute og reiser. Favoritten min for tiden er strikkede puter, med tykt garn og fine mønster.
LikerLiker
Silje: Tusen takk, fortsett med det, det er det som er meningen
LikerLiker
Lena & Tonje: Tusen takk, nå har jeg faktisk levert inn et bilde til fotokonkurranse for første gang, i digitalfoto.no, håper jeg kommer til finalen ihvertfall.
LikerLiker